18. aug. 2010

Bodø del 2

Bodøfolk er sære! I dag var eg på ein liten minihandletur i Bodø, og endte til slutt opp på eit offentleg toalett. Grøss! Brukt truseinnlegg på veggen! Om ein absolutt meiner at truseinlegg er ein fin ting å ha på veggen, så kan ein vel klistre dei opp heime, der ein kan ha litt glede av dei, istedenfor å plage ein stakkars vestlending på tur! Men kvar sin smak...

Eg var litt usikker på om truseinnlegg på vegger i Bodø er noko som sømmar seg i ein reiseblogg der eg egentleg skal skriva om for fantastisk det er å reisa med tog, og kor mykje fint det er å oppleva i Noreg, men etter nøye drøfting med mine facebookvenner kom vi fram til at truseinnlegg kan være ein mykje kulare serverdighet enn mykje anna (kanskje på tide å rydda opp i facebookvenner igjen?) Men om nokon skulle være enige med mine sære facebook venner; 4.etasje i Glasshuset i Bodø, på den innerste jentedoen; Der heng det eit truseinlegg. Det er til og med gratis å sjå på i motsettning til mange andre serverdigheter.

Kos dykk!

Og no over til noko heilt anna. Ein mykje kjekkare serverdighet. Som Olav Emil skreiv om i det forrige innlegget hadde vi oss ein guida tur til eit lite stykke utanfor Bodø. Det var veldig triveleg å komme seg litt ut av sjølve sentrum. Bodø er ein heilt grei by, men ikkje så mye spanande inni sjølve byen. Vi kjørte ut til ett sted der vi kunne se over til Lofoten. Veldig fin natur. Kanskje vi kommer tilbake her om noen år for å klatre. Kven veit?

Uansett drakk vi kaffe på stranda og prata om været og alt mogleg... Veldig triveleg.

No er vi tilbake på hotellet. Etter relativt lange turer til fots og på sykkel, var det godt (spessielt for gnagsåra på begge bein) å komme seg tilbake på hotellet og spisa stor Dolly pizza og drikka brus og se krim på tv.

Vi fikk forresten nokon kommentarar på forrige innlegg om miljøvennlege val på reisa, som eg tenkte eg kunne skrive litt meir om.

Bodø er ein relativt liten by der ein stort sett (hvertfall som turist) stort sett kan komme seg fra A til B til fots. Ellers har ein ganske mange alternativer.

Buss: Vi har ikkje testa busstilbudet i Bodø, men etter det ein stakkar vestlending (som bor i det som muligens kan kallast grisgrente strøk) kan se, ser det ut til at ein har et relativt greit busstilbud med buss til dei viktigaste plassane hvert 15.minutt.

Tog: Ein kan ta tog når ein skal til Bodø, noko som absolutt er eit pluss!

Sykkel:
På turistinformasjonen kan man leie sykkel til 200 kr for ein dag. Fylkeskommunen i Nordland har også eit fantastisk ungdomshus der ein kan låne tandemsykkel gratis i ein dag (og muligens meir etter avtale). Dette ungdomshuset har også backpacker service der ein kan få turistinformasjon, lagre ryggsekkar, gratis kondomar og mykje annan morro...

Leiebil:
Bl.a AVIS leiger ut el-bilar. Her kan ein leie ein el-bil over fleire dagar eller ein kan leige ein bil i 2 timar for 300 kr om ein ikkje har så god tid eller mykje penger, men likevel vil sjå litt meir av kva Bodø har å by på.

Bodø:
Her er eg, lengre nord enn nokon sinne!

Og til slutt eit siste reisetips: Husk sprit! Ein veit aldri kvar nordlendingane puttar truseinnlegga sine neste gang!
No lovar eg å ikkje snakke meir om truseinnlegg i denne bloggen!


(Og ein liten ps til nynorskentusiastane der ute: Olav Emil sover, så korrektur av nynorsken i dette innlegget får bli ein annan gang)

(Og enda ein liten ps: Vanlegvis tar det meg ikkje så lang tid å blogge, men no har eg sittet i nesten to timar og begynnar å bli relativt frustrert. Mellomrom i hytt og pine, bilete som forsvinn osv osv. Og det er vel ikkje meininga at ein må kunne HTML for å kunne lage linjeskift i eit heilt vanleg blogginnlegg?!? Uansett; Det får være som det er! Eg gir opp all perfeksjonismen. No skal eg sove!)

3 kommentarer:

  1. Tror bestemt det må ha vært en ondsinnet turist fra østlandet som har klistret opptruseinnlegget i Bodø. De kan være ganske infame av seg.
    Hvorfor ikke heller lage et blogginnlegg?

    Forøvrig vil jeg minne om at NSB planene om linje til Haugesund snart har 60 årsjubileum.

    SvarSlett
  2. Eg trur det er Ottar som har vært innom Bodø på vegen til Kjerringøy, for å avhalde landsmøtet sitt, og bestemte seg likesågreit for eit realt feminist-stunt

    SvarSlett
  3. på stranden og pratet om været... særlig

    SvarSlett

Bloggurat