17. aug. 2010

Dag 1: Dale-Oslo-Trondheim-Bodø

Dale 08.35: Toget er 10 minutter forsinket, men det gjør ingenting. Høytaleranlegget er gått amok og det kommer en ekstra "PING"-lyd hver gang det blir gitt beskjed over høytaleranlegget, noe som minner meg om denne fine Monty Python-filmen.
Nesbyen 12.00: Då var turen i gang. Vi sto opp i 7-tida heime i Vaksdal. Det vil seie, eg sto opp, Lina Kristine la seg aldri i går. Kvart over 8 hasta vi ut døra. 25 minutt skal vere greit med tid til Dale, der vi skulle på toget, men ein veit jo aldri. I dag tok det 20 minutt, og toget var ti minutt forseinka. Dermed rakk vi jo toget med god margin.

Etter å ha lege i jamn kø på E16 frå Vaksdal til Dale med ein hissig nederlendar i midtlivskrise tett oppi støtfangaren bak, og deretter ti – femten minutt på perrongen i relativt kjølig vind, var det godt å synke ned i dei store, komfortable stolane om bord på toget. Vi reiser då sjølvsagt NSB Komfort. Med bagasjen på plass i hylla og billetten løyst, var det berre å hente seg ei avis kvar, og ei kopp kaffi til kona (ho måtte forresten hente det sjølv...).

Nesbyen 12.00: Godt å sove. Men sikrar dei ikkje lasta på jernbanen?
Langs Rallarvegen opp mot Finse vart vi tett fulgt av eit filmhelikopter. Aldri blir vi kvitt desse paparazziane... Ein omgang Bonanza, som eg sjølvsagt vann, vart spelt, før Lina Kristine sovna, noko ho no når vi passerar Nesbyen, har gjort sidan litt etter Finse. Eit par telefonar til Stavanger vart unnagjort, då hennar gamle bil står havarert på snuplassen til skulebussane på Rennesøy, og skulen byrjar att på onsdag. Dei kunne heldigvis hente den i morgon (tysdag). Så om nokon treng bruktdelar til Mazda 323, ring Rogaland Bildeler etter i morgon.

Olav Emil

Trondheim 23.15: Fansy champagne? Uansett ei særs hyggjeleg overrasking på lugaren!

Trondheim 23.30:
Det har vore ein lang dag. Når vi er framme i Bodø i morgon tidleg har vi tilbrakt 23 av dei siste 25 timane på tog. Turen frå Bergen til Oslo har aldri virka så kort som no. Eg sov store delar av turen, og når eg var vaken var det gøy å ikkje vere åleine på togtur, som eg vanligvis er. Eg tapte kanskje i Bonanza, men eg banka Olav Emil i uno!

I Oslo kjøpte vi oss litt mat og lesestoff før vi fann fram til perrongen Trondheimstoget skulle gå frå. Frå Bergen til Oslo hadde vi ein heil NSB Komfort-vogn for oss sjølve, men til Trondheim var det annsleis. Alle skal til Trondheim i dag. Vi stua oss inn saman med bagasjen i den avdelinga av komfortvogna der folk hentar kaffi og aviser. Stappfullt tog! Atter ein gong vart eg minna på fordelane med å tingje bilett på førehand. Etter kvart vart det to ledige plassar til oss ved sidan av ein pratsom venninnegjeng på tur. Det er ikkje berre fordelar med å reise kollektivt, diverre. Makan til skravlekjerringar. Og så med austlandsdialekt... Ikkje alle har like godt av den gratis kaffien NSB Komfort har å by på. Etterkvart som blodsukkeret sank vart det ikkje betre då eg vitja cafevogna og vart fortald at dei ikkje hadde fått inn ferskvarer i dag. Eg hadde altså valet mellom pølse, pølse og pølse, og enda opp med ingen av delane. Heldigvis hadde vi litt restar igjen frå Oslo, så det kom seg etterkvart.

Og no, på nattoget frå Trondheim til Bodø er alle sorgar gløymd, og NSB er tilgjeve for å kun ha pølse på Trondheimstoget! Då vi kom inn i sovekupeen vår vart vi møtt av ein flaske champagne, sjokolade og kort frå NSB som gratulerte oss med bryllaupet!

Eg skriv blogginnlegg, høyrer på fantastisk musikk og drikk champagne! Det einaste som manglar no, er internett, slik at eg kan fortelje heile verda kor utroleg fint vi har det på togtur! For fyrste gong har eg skikkelege bloggabstinensar! Eg håpar Nord-Noreg har internettdekning!

Eg håpar folk kan tilgje oss for å vere litt treigt i gong, men vi skal prøve å kome sterkare attende!

Lina Kristine
Bodø 09.15: No har vi tusla litt rundt i Bodø, og endeleg fått sjekka inn på hotell med internettdekning. Så forhåpentlegvis blir det ikkje så lenge til neste innlegg...





6 kommentarer:

  1. Lars Peder Bovim14:13 17. august 2010

    Herlig blogging! Spesielt den delen med at Laffi vinne i Bonanza =)

    God tur hjemover igjen!

    SvarSlett
  2. Fint å følge dere på turen Ha det riktig godt og fortsatt god tur!!!
    Hilsen
    Geir

    SvarSlett
  3. Høres ut som dere koser dere ja. Kjekt å være med.

    SvarSlett
  4. ere er priviligerte. Aleine i komfortvogn over Hardangervidda.En av mine fineste opplevelser ever, er frokost i spisvogna (som fantes den gangen)over Vidda. Vi møtte et hav av bløgende reinsdyr.Konduktøren stoppet slik at alle fikk nyte synet.
    Tenk, champagne i Bodø. Ska sei dette ekteskapet starter med "flying colours".
    Så var det dette med tog fra Haugesund da!

    SvarSlett
  5. "Og så med austlandsdialekt..." skal ikke være enkelt, nei!

    SvarSlett
  6. Koselig å få være med på turen :-)) Mange flotte bilder og kommentarer. Lykke til videre og eg har selfølgelig stemt på dere :-)

    Klem fra elseveronica@yahoo.no

    SvarSlett

Bloggurat