Bodø 18.20: Då var halve dagen i Bodø over. Då vi gjekk av toget i morges, friske og opplagde etter ein god natts søvn, såg vi ferja M/F Bodø, som går mellom Bodø og Moskenes (Lofoten) leggje til berre 150 meter frå oss. Ei rask avgjerd måtte til; Lofoten eller Bodø? Vi kom fram til at for å rekkje toget vi hadde planlagt for morgondagen, måtte vi anten ta kveldsferja attende i kveld, eller morgonferja klokka 06.00 i morgon. I begge tilfelle ville det skape komplikasjonar i høve til overnatting. Dermed utset vi Lofoten til ein annan gong. Etter ein liten prat med jenta i suvenirkiosken, som forøvrig nekta å snakke norsk til to ungdomar med svære ryggsekkar, fann vi fram til turistinformasjonen. Der traff vi på hyggjelege og hjelpsome nordlendingar, som fekk oss til å føle at vi var dei einaste der, sjølv om det langt frå var tilfelle. Dyktige folk! Vi fekk då utforska ulike overnattingsalternativ, og som nemnt før, vi endte på hotell. Alternativet ville vere å slå opp teltet på næraste campingplass, men denne var utanfor gangavstand frå jernbanestasjonen, og med buss fram og tilbake, og gjerne ein tur ekstra for å utforske byen utan bagasje, i tillegg til at ein faktisk må betale for å bu på campingplass òg, gjorde valet relativt greit.
Etter innsjekk på hotellet, traska vi ut for å sjå på fasilitetane. Først ein rask tur innom turistinformasjonen att for å høyre om vi kunne få litt info om vårt neste stopp på turen, Lønsdal. Det var det ingen som hadde høyrd om, så vi veit fortsatt like lite, men satsar på at det må gå an å gå ut i skogen og setje opp teltet... Deretter gjekk turen til Subway, som visstnok er ein fansy baguettekiosk av typen Big Bite, berre mykje betre. Slikt finst jo berre på stader av ein viss kaliber, så det blir nok lenge til vi får sjå slikt i Bergen. Etter å ha nytt maten til eit infernalsk F16-bråk, fekk vi lånt oss ein tandemsykkel. Etter å ha vingla og vagga mellom bilar, fotgjengarar og rullatorar, kom vi oss til Kvalvik og Bratt'n Aktivitetspark, der vi hadde oss ein velfortent donøtt og litt chips, før vi sykla attende. Det viste seg etterpå at målet for turen, Skivika, faktisk ikkje var lenger unna enn rundt neste sving. Tabbe!
No har vi ordna oss biltur med privat guide til områda nord for Bodø, ein liten times rundtur. Ettersom eg er fødd og oppvaksen i Bodø, iallefall mine første 8 døgn, har vi jo våre kontaktar... Vi ser iallefall fram til å få sett områda rundt byen òg. Avgang frå hotellet om 15 minutt, klokka 19.00.
Satsar på ny oppdatering i morgon tidleg / føremiddag.
Olav Emil
Høres ut som dere har det fint i Bodø, og det er godt og høre :)! Har alltid hatt lyst til å prøve tandemsykkel, så jeg misuner dere der.
SvarSlettAnbefales det? Ser ut som dere har flott vær også, og det er jo bra. Hadde vært litt trist om det bare hadde regnet. Håper dere koser dere MASSE! Gleder meg til oppdatering :D
- Maria!
Hei Lina =)
SvarSlettsku hilsa frå mann min som e ifrå Bodø å sei at viss dåkk lika dåkk ut i natur og sånt så håpte han dåkk kjem dåkk til Saltstraumen ein tur =)
Hilsen Irene ;)
Maria: Det var stort sett gøy, men ikkje heilt enkelt, og ganske tungt (men sykkelen vi lånte var litt sliten). Været er kjempebra. Det er meldt regn når vi skal til Trondheim, men det får vi tåle, for der vvet vi hvertfall hvor vi skal bo. Du får hilse alle. Det blir nok ikkje så lenge til neste oppdatering :)
SvarSlettIrene: Det blir nok ikkje i denne omgang, men det er vel ikkje umulig at vi tar en tur nordover en annen sommer, så kanskje når vi har litt bedre tid en gang. Men vi har vært på tur og sett på fantastisk natur, og det var ganske bra det også.
Lina Kristine
Tandemsykkel ja. Dere får jo til alt mulig innen transport. Herlig å få følge dere på bryllupsreisen :) God tur videre.
SvarSlettBra med fortsatt miljøvennlige valg.
SvarSlettHar noen sagt dere at det går an å adoptere reiseglade pensjonister. ..
Må sjekke ut muligheten for pensjonist rabatter med NSB.
Kunne vært artig å være backpacker i Norge til høsten.Hvis prisen er den rette..
Eg må sei meg uenig i overskriften her! Det var vertfall ikkje fyrste gang på tandem for Olav Emil :)
SvarSlett