22. aug. 2010

Dag 6: Trondheim

Nok ein dag i Trondheim, og nok ein dag med store problemer med å komme seg opp av senga. Frokost klokka 10. Etter mye haling, draing og tvang fekk Olav Emil meg opp klokka 09.58! Ferie er eit slit! Heldigvis har dei kaffi som virkar i Trondheim.

I dag har vi ete masse mat, vært på cafe med eit anna ektepar (for fyste gang... Woho!) og spelt masse spel. Eg har ikkje tatt eit enaste bilete, og har egentleg fint lite å fortellja om denne dagen, men me levar no, og har det kjempefint.

I morgon skal vi opp supertidlig (ca litt før 8!) for å rekka toget. Og appropo tog så har eg dilla på Halvtan Sivertsen (Korleis skrives Halvtan forresten?) sin song "Frihet". Setninga "Friiii iiiii het - Det e like før toget skal gå" står på repeat inni hovudet mitt. Innimellom slår han til med "Førr ei dame som du..." osv. Med andre ord; Det tar på å være togreisande i Trondheim.

I morgon går turen vidare til Hunderfossen, der det forhåpentlegvis blir mykje morro og litt meir å skrive om enn i dag. Eg lovar å ta mykje bilete! Og i morgon kveld tar vi kveldstoget til Oslo, der vi skal overnatte hos nokre venner. Hurra!

No er det dusje og sovetid! I morgon blir ein lang dag, som startar altfor tideleg!

1 kommentarer:

  1. Hmm. Supertidlig, litt før åtte. Hvor har du vært hele ditt liv??
    Halvdan med d. D vet alle over 60.
    Jeg unner deg avhele mitt hjerte en fortsatt "behagelig reise".
    Håper du får lekt mye på Hunderfossen, favoritttrollet mitt er der. Det sitter med hodet i hendene og lurwr på hvor gammelt det er. Seriøst.
    SvarSlett

Bloggurat