23. aug. 2010

Dag 7:Oslo-Dale

Ein eller anna plass på Bergensbanen 18.00: NSB Komfort, sukkerkick, kaffi og Yogi lakriste, Pepsi max og Solo sitron, spotify; «We No Speak Americano – Yolanda Be Cool & DCUP», sjokoladebolle, superfin ektemann som leser morsom bok og er supersøt hver gang han ler, free cell, twist og konfekt fra fine freiabutikken i Oslo, UNO, Bohnanza, gratis aviser, fint vær, suse forbi lastebilar utanfor vindauget, å skrive blogginnlegg på nynorsk, ingen irriterande folk på toget og snart er vi heime hos pus, nokialadar, reint sengetøy og vaskemaskin!

Bilete: Se som Olav Emil gledar seg til å starte på jobb att! Og sjokoladebolle er digg!

Togturen i stikkordsform! Eg har ein intens trang til å danse rundt, være gal og lage nye spotify spillelister, men ellers har me det særdeles bra! Olav Emil seier at han har det så fint at han ikkje vil gå av toget, og eg er enig. Heldigvis er vi ikkje heime før om nokre timar, så vi har ennå god tid til uno, mimring, drikke gratis tevann (til medbrakt te som ikkje er gratis, men kan anbefalast likevel, for sånne som meg som ikkje tålar kaffi når ein er på ettermiddagstoget, fordi ein likar å sove i senga si når ein kjem heim), skrive blogg, høyre på finfin musikk på diverselista på spotify, spise sjokoladebolle og middag om det plutseleg skulle bli ledig plass i magen.


Bilete: Er togskjermfolka fulle?

Å reise med tog på Bergensbanen er flott! No er vi i ei komfortvogn nesten heilt åleine, det er nesten så eg får lyst å skrive masse fælt, fordi eg vil ha toget for meg sjølv kvar gong, slik som no, men det ville jo bli litt feil. Eg lurar forresten på om det er den utrulege lukta av føtter som er årsak i den tomme komfortvogna denne gangen... Føttene våre luktar mildt sakt direkte upassande etter ein lang uke på tur. Eg lovar å vaske beina mine til neste gang eg skal ta tog!

Bilete: Superkjendis Ragna er lei seg fordi vi snart forlatar Oslo. Egentleg burde ho være glad for å bli superkjendis!

I dag har vi hatt ein flott dag, som turristar i Oslo. Dagen starta ikkje helt slik som eg planla i går, men eg klarte hvertfall å stå opp av meg sjølv, sånn delvis hvertfall... Me åt ein fantastisk frukost og drakk kaffi med Ragna (som nå blir superkjendis fordi ho er nevnt med navn og bilete i NSB bloggen) før me kom oss ombord på toget fra Grorud til Oslo S. Me låste bagasjen inn i eit av oppbevaringsskapa, så me er blitt så gode vener med den siste uka, og tusla litt opp og ned Karl Johan før vi leika turistar på eit av Noregs mest meiningslause pengesluk; Operaen. Vi satt på kanten og såg ut på eit anna pengesluk, som ligna meir på ein metall- og glass skraphaug!

Ullrøye og varm dongeribukse blei raskt skifta ut på toalettet på Deli de Luca. Deilig! Vi tusla rundt i Oslo i mange timar. Oslo er ganske deileg når ein har fri og bare har nokre timar å kasta bort før toget går. På dei timane såg me slottet, domkyrkja, stortinget, operaen, såg i utallige butikkar (og kjøpte ting i freiabutikken!) og spiste deileg mat på Burger King (Olav Emil, me må hugsa at medium nr 7 med jordbær milkshake er best).

Etter mange timar med vandring i Oslo var me slitne, og det var deileg å finna bagasjen igjen å setja i ei nesten tom togvogn! Detta hadde me gleda oss til!

No ser me frem til å komme heim til pusekatt og senga vår!

Lina Kristine

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggurat