Lillehammer 19.30: Så var vi på veg mot Oslo att, etter ein underhaldande dag på Huderfossen. Vi starta dagen med 08.39-toget frå Heimdal, rett sør for Trondheim, der vi overnatta hos min onkel Gunnar. Som alltid når vi skal tidleg opp, vart eg mjukt og komfor
Onkel Gunnar køyrde oss til stasjonen, og vi kom oss ombord. Diverre var det fullt på NSB Komfort då vi tingja billett dagen før, så vi måtte ta til takke med vanlege plassar. Det viste seg heldigvis at det var komfortable stolar og god beinplass likevel. Starten på turen kunne vore betre, ingen straum til dataen, vi fekk plass midt mellom to vindauge, så det var dårleg med utsikt, og Lina Kristine påførte seg forbrenningar i handa og på låret ved skvulpande kaffi. Lokka til koppane var for små, og passa ikkje på koppen, og med kaffiautomat, er det berre to alternativ: Full kopp, eller tom kopp.
Frå dette punktet gjekk det heldigvis berre oppover. Eg naut ein omnsvarma pizza, og Lina Kristine konsumerte ein rekesandwich og juice. Deretter slokna ho som vanleg, og eg beundra utsikten over Dovrefjell og nedover dalane.
Litt før klokka eitt var vi framme på Hunderfossen. Her tusla vi dei 100 metra frå perrongen o
Klokka 17 stengte parken, så då var det berre å tusle ned att på stasjonen og vente på 18.31-toget vidare til Oslo. 18.25 kom eit tog som skulle til Trondheim, og medan det sto og brumma, kom det ei melding på høgtalaren som var umogleg å høyre på grunn av støyen frå toget. Då klokka nærma seg 19 og det framleis ikk
Olav Emil
Oslo 00.00: Nok ein lang dag er over. No er vi gode og mette, Olav Emil sover og så snart eg har trykka på "Publiser" er det min tur... Vi rakk akkuratt innom bunnpris for å kjøpe masse "digg" (i kategorien usunn mat) før vi tok lokaltoget vidare frå Oslo S til Grorud der vi overnatter hos nokre venner. No har vi ete mykje pizza, og omsider er det leggjetid, igjen! Det blei ein del soving på toget i dag og... I morgon er det tideleg opp (okey, ca 8 tiden, så det er ikkje sååå gale, som nokon har kommentert, men vi har da ferie, så det er tideleg nok!) og ta toget inn til Oslo og finne ein stad å dumpe bagasjen. Vi har ikkje bestemt oss om vi reiser heim i morgon med nattoget, eller om vi blir ein natt til, på eit eller anna småshabby hotell... Kven veit... Uansett; Ingen planer. Bare henge rundt i Oslo og leike turistar. Det blir fint!
No er det leggetid! I morgon har eg store planer om å vakne lys vaken i 8 tida og gi Olav Emil ein stor suss på panna slik at han virkeleg kan skryta av meg utan å være ironisk!
Lina Kristine
Og P.S. Kjære NSB: Ein reisebloggar med brannskader er ikkje god reklame, så vær så snill å bestille inn lokk som passar til koppane. Eg luktar framleis skogsbær etter å helle farrisen min over armer og lår, og det var ikkje spessielt gøy. Men tusen takk for at eg har moglegheit til å reise på så flotte turar og har moglegheit til å syte litt på denne bloggen! Eg trur dykk er tilgitt.
6 kommentarer: